Tilbake

Avviks- og kvalitetssystem

Avviks- og kvalitetssystem er sikring av praksis.

Kvalitetssystem skal syta for at vedtekne prosedyrar vert følgde, og at pålagde og planlagde oppgåver vert gjennomførte. Systemet skal også nyttast til å oppdaga og rapportera avvik. Kvam herad nyttar Compilo som sitt kvalitetssystem.

Tilsyn og forvaltningsrevisjon 

Sikring av rett praksis skjer også gjennom tilsyn og gjennom forvaltningsrevisjon.

Tilsyn betyr at ein instans innan offentleg forvalting undersøker om kommunen overheld lover og regelverk og at innbyggjarane får dei tenestene dei har krav på. For Kvam herad er det ofte Statsforvaltaren i Vestland som utfører tilsynet, men det kan også vera Arbeidstilsynet eller andre statlege instansar.

Kontrollutvalet i Kvam herad skal føra tilsyn med den kommunale forvaltninga på heradsstyret sine vegner. Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverka til ei ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare skal utvalet medverka til at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og politiske vedtak.