Tilbake

Medverknad

Medverknad handlar om at innbyggjarane skal kunna påverka på avgjerdsprosessar og utforming av tenestetilbodet. Innbyggjarane har rett til å medverka, og tenestene har plikt til å involvera brukaren.

Ein har ulik medverknad på dei ulike nivå i modellen. På kommunenivå har ein medverknad på følgjande måte i Kvam:

Kvam herad gjennomfører om lag kvart tredje år Ungdata-undersøking. Dette er ei lokal ungdomsundersøking som vert tilbydd gratis til alle kommunar og fylkeskommunar i landet. Den siste Ungdata-undersøkinga vart gjennomført vinteren 2021. Elevane på mellomtrinna, ungdomstrinna og vidaregåande skular i Kvam deltok. Undersøkinga gjev viktig informasjon om utviklinga i ungdomskulturen, og resultata er ein del av vurderinga av kva ein skal prioritera vidare.

Sjå resultata frå siste Ungdataundersøking.