Brukarmedverknad inneber at brukaren skal sjåast på som ein likeverdig part i samtalar og avgjerder som vedkjem han/hennar utfordring eller ressurs. I saker der barn og unge er involvert, skal dei alltid informerast og høyrast. Foreldre vil i dei fleste sakene vera dei viktigaste aktørane for at barnet sin situasjon kan verta betre.
Det viktigaste i møtet er god kommunikasjon kor alle partar er opne og lydhøyre ovanfor kvarandre. Når nokon treng hjelp til å meistre kvardagen er det nokon punkt som er særs viktige å hugse på for at hjelpar og brukar saman skal komme fram til optimal hjelp og støtte:
- me vil alle verta tekne på alvor
- me vil alle verta behandla med respekt
- me vil alle føla tillit og tryggleik
- me vil alle få hjelp når behovet er der
Nokre gonger må ein tenkja nytt for å få til eit likeverdig samarbeid. Brukarerfaring og fagkunnskap må vera likeverdige grunnpilarar i arbeidet med både den enkelte og med utvikling av kommunen sine tenester.
På tenestenivå har Kvam herad brukarmedverknad på følgjande måtar:
- Elevråd
- Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)
- Samarbeidsutval/skulemiljøutval (SU)
- Elevundersøking
- Foreldreundersøking i barnehage
- Foreldreundersøking i grunnskule
- Ungdata-undersøking
- Ungdomsrådet
Barnehage
Foreldreundersøkinga – i Kvam herad nyttar dei kommunale barnehagane UDIR si foreldreundersøking