Gjennom tverrfagleg samhandling får tenestene betre og gjensidig forståing og oversikt over kvarandre sine oppgåver og blir betre til å koordinera innsats og ansvar slik at oppfølginga blir meir heilskapleg og samanhengande.

Samhandlingsrutinar

  1. Samhandling med føresette, sjå nivå 0 i BTI-rettleiaren.
  2. Samhandling med føresette og andre involverte tenester, sjå nivå 2 og nivå 3 i BTI-rettleiaren.

I BTI-rettleiaren finn du samtykkeskjema for deling av informasjon. Her må ein vera medviten kven som er foreldre med foreldreansvar når ein får eit samtykke frå føresette. Me har også ein rettleiar for samtykke.

Kvam herad er i gang med å ta i bruk stafettlogg som sitt digitale loggsystem for oppfølging og evaluering av tiltak kring barn og unge i kommunen. Foreldre/føresette skal alltid få god informasjon om kva ein stafettlogg er, og dei må gje samtykke til å oppretta logg.

Når ein skal samhandla med andre tenester, skal ein kalla inn til eit stafettloggmøte, og ein har ein mal for kva informasjon som skal følgja ei slik innkalling.

Barnevernstenesta – samhandlingsavtalar

  • Barnehage
  • Skule
  • PPT
  • Familiesenteret
  • Helsestasjons- og skulehelsetenesta
  • NAV
  • ROP
  • Legetenesta
  • Politi
  • Dialogmøte Statsforvaltar

Helsestasjons- og skulehelsetenesta – samhandlingsavtalar

  • Plan for helsesamtaler og planlagt undervisning i skulehelsetenesta

Rus og psykisk helse

  • Barneverntenesta
  • NAV

Tverrfaglege samarbeidsarenaer

  • Konsultasjonsteam for vald og overgrep
  • Støtteteam, spesialpedagogisk team og tverrfagleg team i skule
  • Lågterskelrunde og inkluderingsteam i barnehage
  • Fagsamlingar KFL