Tilbake

Rutinar og verktøy

Risikoutsette barn og unge skal identifiserast så tidleg som mogleg. Tidleg innsats betyr at ein skal setje i gang tiltak for eit barn og ungdom med ein gong det er behov for det, både i barnehagen og i skuleløpet, og ein skal sørgja for ei systematisk og langsiktig oppfølging så lenge det trengst.

Kvam herad har ein digital handlingsrettleiar med tilhøyrande verktøy som tilsette skal nytta når ein jobbar med barn og unge. Målet med handlingsrettleiaren er rett hjelp til rett tid, tidleg foreldreinvolvering og at barnets røyst alltid skal følgja prosessen.

Handlingsrettleiaren finn du her.

Meldeplikt

Offentlege myndigheter, i tillegg til ei rekkje yrkesutøvarar med profesjonsbestemt teieplikt, har plikt til å gje opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn vert utsett for mishandling, andre former for omsorgssvikt eller om eit barn har vist vedvarande åtferdsvanskar.

Opplysningsplikta inneber ei plikt til å melde frå til den kommuale barnevernstenesta av eige tiltak ved alvorleg bekymring og er eit sjølvstendig og personleg ansvar.

Privatpersonar har eit moralsk ansvar for å melde frå, men ikkje eit juridisk ansvar, slik offentleg tilsette har.

Konsultasjonsteamet for vald og overgrep

Nokre gonger kjenner ein seg usikker på om ein skal gjere noko med den uroen ein kjenner i møtet med barn og unge. Ein kan då ta kontakt med konsultasjonsteamet for anonym drøfting. Her kan ein få råd og rettleiing til kva ein kan gjera, kva ein kan sjå etter/observera for å verta meir sikker på om magekjensla er riktig.