Barn har ulike måtar og signal for å gje uttrykk for at ein ikkje er trygg, eller viser teikn på at dei lever i ein vanskeleg omsorgssituasjon. Dette skal alltid takast på alvor. På kva for måte barn kommuniserar at dei har det vanskeleg vil variere frå barn til barn. Ei liste over barn sine signal vil difor aldri kunne vere utfyllande. Signala må sjåast i forhold til barnet sin alder og situasjon, og treng ikkje alltid vere eit signal om alvorleg uro.

Barna sine signal bør likevel vere eit grunnlag for ein samtale med føresette, med unntak ved vald og overgrep. Då skal ein alltid kontakta barnevernet direkte. Uansett er det viktig å vere merksam på at barn som lever i familiar med psykiske vanskar, vald eller rusproblematikk ofte kompenserer for manglande omsorg ved å vere overdrevent ansvarlege og tilpasingsdyktige. Det er difor ikkje alle barn visar tydelege symptom.

Kvam har samla støtte for å fanga opp signal og for korleis ein følger desse opp som verktøya i dei ulike nivåa og stega i BTI-rettleiaren.