Tilbake

Brukarmedverknad

Barn og unge er ein viktig ressurs for framtida og ekspertar på eigne liv. Brukarmedverknad inneber at brukaren vet sett på som ein likeverdig part i samtaler og avgjerder som gjeld hans eller hennar utfordringar. Det viktigaste i møtet med den unge er god kommunikasjon kor alle partar er opne og er gode lyttarar for kvarandre.

Brukarmedverknad på individnivå handlar om at det er lagt til rette i dei kommunale tenestene for at gravide, barn, unge og foreldre vert involverte i samarbeidet så tidleg som mogleg. Kvam herad skal leggja til rett for at innbyggjarane kan koma i kontakt med aktuelle tenester ved uro eller bekymring for eigne eller andre sine barn. Innbyggjarane skal også oppleva at kommunen sine tenester er oversiktlege og lette å koma i kontakt med.

Kvam herad har brukarmedverknad på individnivå på følgjande måtar:

  • Elevråd og ungdomsråd
  • Ungdomsbasen
  • Elevsamtalar og utviklingssamtalar i skulen
  • Barnesamtalar og foreldresamtalar i barnehagen
  • Handlingsretteleiaren i Betre tverrfagleg innsats
  • Ansvarsgruppemøte
  • Skulehelsetenesta:
    • Samtalar og drop-in i skuletida
    • Gruppeundervisning på helsestasjon
    • Helsestasjon for ungdom
  • Foreldrestøtte i gruppe

Ansvarsgruppemøte

Skulehelsetenesta:

  • Samtalar og drop-in i skule tida
  • Gruppeundervisning på helsestasjon
  • Helsestasjon for ungdom

Foreldrestøtte i gruppe